04.01.2021: Koronatiltak ved Surnadal legesenter

Klikk for stort bilde Surnadal legesenter I forbindelse med dei nye nasjonale tiltaka har også Surnadal legesenter skjerpa inn rutinene frå 4. - 18. januar.

Tiltak som er innført og som kan bli forlenga ved legesenteret:

- Ikkje kom inn på legesenteret, men vent i bilen utanfor til du blir ringt opp eller kontakta.

- Ta på EIGE munnbind FØR du går inn på legesenteret.

- Ta minst muleg på dørhåndtak og armlener inne på legesenteret.

- Vurder om timen kan utsettast eller omgjerast til telefontime.

Surnadal legesenterv/ Atle Aune