10.06.2021: Reiser og karantenereglar

Klikk for stort bildeDet er mange som har spørsmål kring reising og karantenereglar. Dette endrar seg jamt, men her er ei oversikt over dei viktigaste reglane som gjeld pr i dag:

I utgangspunktet er det kun norske statsborgarar og utlendingar som er busette i Norge som kan reise inn i Norge no. UD frarår alle utanlandsreiser som ikkje er strengt nødvendige t.o.m 1. juli. 

Hovudregelen (med få unntak) er framleis at tur/retur/innreise utlandet medfører karanteneplikt i 10 dagar på karantenehotell (til ev. negativ test døgn 7) når du reiser inn til Norge. 

Frå 11. juni kl. 15.00: Fullvaksinerte og personar med gjennomgått covid-19 siste 6 mndr får fritak frå innreisekarantene (gjeld norske borgarar). Barn/unge under 18 år kan teste seg ut av innreisekarantene døgn 3.

Desse kan ikkje reise inn til Norge no

  • turistar, med nokre få unntak
  • fjernare familiemedlemmar, slik som besteforeldre
  • kjæraste eller forlovede
  • utlendingar (inkludert nordiske borgarar) som skal arbeide eller studere i Norge, og som ikkje fell inn under nokre av unntaka under
  • personar som har fått ein opphaldstillatelse for å arbeide eller studere i Norge og som ikkje allereie er busett her
  • forretningsreisande
  • utlending som har fått Schengen-visum, men som ikkje fell inn under nokre av unntaka under
  • personar som har fritidseiegedom i Norge, men ikkje er busett her

Det er opna for ei begrensa særordning for utlendingar ved sterke velferdsomsyn. Utlendingar kan søke om unntak på UDIs nettsider.

Frå 27. mai er det innført visse lettelsar med omsyn til kor ein gjennomfører innreisekarantene:

  • Reisande frå alle land utanfor EØS/Schengen/UK har karanteneplikt på karantenehotell i 10 dagar til ev. negativ test tidlegast døgn 7
  • Reisande frå raude land/område i EØS/Schengen/UK med høgt smittetrykk har karanteneplikt på karantenehotell i 10 dagar, men kan teste seg ut av karantenehotell tidlegast på døgn 3 og deretter gjennomføre resten av karantenen heime eller på egna karantenestad til ev. negativ test døgn 7.
  • Reisande frå raude land/område i EØS/Schengen/UK med moderat smittetrykk slepp karantenehotell, men har karanteneplikt i 10 dagar heime eller på egna stad til ev. negativ test døgn 7. Sjå oppdatert liste over land kor innreisekarantene kan gjennomførast heime på regjeringen.no
  • Reisande frå gule land/område i EØS/Schengen/UK har unntak frå både karantene og karantenehotell.
  • Ta karantenesjekken! Skillet mellom nødvendige og unødvendige reiser er fjerna. Det er smittetrykket i ulike land/område du har besøkt siste 10 døgn som avgjer om du må på karantenehotell. Dette kan skifte gjennom sommaren. På helsedirektoratet.no finn du oppdatert kart der du kan sjekke kva reglar som gjeld for deg ved innreise til Norge.

Frå 4. juni kan desse ta heile karantenen heime og teste seg ut av karantene døgn 3:

  • Barn under 12 år
  • Personar som kan dokumentere at dei er beskytta mot koronaviruset: Fullvaksinert, fått dose 1 sidan 3-15 veker, eller har gjennomgått covid-19 siste 6 månader (må dokumenterast digitalt på helsenorge.no inntil koronasertifikatet er i funksjon)

Unntak frå krav om karantenehotell uansett kor du kjem frå, men må i karantene

Kategoriane under er unnateke opphald på karantenehotell, men har karanteneplikt i 10 dagar (ev. til negativ test døgn 7) heime eller på egna karantenestad. For full oversikt over unntak, sjå regjeringen.no.

  • Personar som er beskytta mot koronavirus (digitalt bevis via helsenorge.no)
  • Arbeidsreisande: KUN ved dokumentert godkjent karantenestad frå Arbeidstilsynet
  • Reisande som har opphalde seg i gule land/område med lågt smittetrykk siste 10 døgn
  • Barn under 18 år som reiser åleine eller saman med ein person som er beskytta
  • Utlendingar som reiser inn til Norge for avtalt samvær mellom foreldre/barn
  • Enkelte yrkesgrupper omtalt i covid-19 forskriften har unntak frå innreisekarantene

Dokumentasjonskrav ved innreise

Ved innreise frå land/område med karanteneplikt skal du fylle ut digitalt innreiseskjema, framvise gyldig attest på negativ koronatest siste 24 timar og ta ny koronatest. Meir om reglar og unntak finn du på helsedirektoratet.no