12.01.2021: Endringar for 8. og 9. trinn ved SUBUS

Surnadal ungdomsskule - Klikk for stort bildeSurnadal ungdomsskuleUngdomstrinn i heile landet er pålagt å vere på raudt nivå fram til 19. januar. Etter å ha prøvd ut dette ei veke, er det behov for justeringar i skulekvardagen for å kunne etterleve smittevernkrava på raudt nivå.

Følgande informasjon gjekk ut til elevar og føresette i dag:

Informasjon til elevar og føresette på ungdomstrinnet ved SUBUS.

Sidan skulestart på nyåret har norske vidaregåande og ungdomstrinn vore på raudt smittevernnivå. Erfaringa etter ei veke, er at det er svært krevjande å oppfylle krava til smittevern på raudt nivå.

Ein har difor i samråd med lokale myndigheiter og FAU kome fram til følgjande tiltak i tillegg, i første omgang til og med tysdag 19. januar:

Ein klasse frå 8. trinn og ein klasse på 9. trinn vil ha heimeskule kvar dag, etter oppsett mønster (sjå vedlegg).

På den måten vil det bli mindre trykk både på skuleskyssen og på skulen. Det er kjent at plasstilhøva på ungdomsskulen er påvirka av pågåande byggeprosess, og at å redusere antalet elevar som er på skulen kvar dag vil gjere det lettare å etterkome aktuelle krav til smittevern med tanke på mellom anna rombruk, elevinngangar og friminutt. Med helsing ungdomstrinnet SUBUS.

Skuleturnus 8. og 9. trinn frå 13. - 19. januar (PDF, 403 kB)