13.12.2020: Skuletrinn i normal drift måndag

Klikk for stort bilde Foto: CDC, Alissa Eckert Stengte skuletrinn gjenopnar i morgon.

Kommuneoverlegen har iikkje fått melding om at nokon av dei berørte elevane som vart sett i karantene, har testa positivt. På bakgrunn av dette vil undervisninga gå som normalt for 5.trinn ved Øye skule og 8.trinn på Surnadal ungdomsskule frå i morgon måndag 14.12.20. 

På same grunnlag opphevar vi rådet om å halde seg mest muleg i ro gjennom helga for alle berørte som ikkje er definert som nærkontakt. Rådet er oppheva frå no i kveld.