15.04.2021: Besøksrutiner ved sjukeheimen

Klikk for stort bildeBesøksrutiner ved Surnadal Sjukeheim frå 16. april 2021

Tilrådinga er framleis å unngå unødvendige reiser innanlands. Særleg frå område med høgt smittepress. Vurderast besøket nødvendig skal råda for området med høgast smitterisiko følgjast.

Elles gjeld følgjande:

  • Besøk avtalast på førehand. Ein skal framleis begrense sosial kontakt.

Ikkje kom dersom du er eller kan vere smitta av Covid-19. Har du luftvegssymtom eller er i karantene må besøket utsetjast. Eigne vurderingar for besøk ved livets sluttfase.

  • Max 2 besøk om gongen.
  • Besøksprotokoll blir ført.
  • Utfør handhygiene når du kjem og underveis.
  • Nærkontakt mellom vaksinerte bebuarar og deira næraste, samt med andre vaksinerte, er greit. Bebuarane avgjer sjølv kven som er sine næraste.
  • Hald 1 m avstand til andre enn den du besøker.
  • Besøk kan foregå i fellesareal for vaksinerte bebuarar så framt 1 m avstand til andre kan overhaldast. Foajeen og kafeen kan óg nyttast. Kaffemaskin finn du i kafeen. Handdesinfeksjon finn du i nærleiken. Besøkande kan ikkje nytta kjøkkena på sjukeheimen. Blomster og gåver er ok.
  • Bebuaren kan bli med på besøk utanfor sjukeheimen. Vurdér smitterisiko saman med personalet. Hugs handhygiene umiddelbart ved retur til sjukeheimen.
  • Tenester/ aktiviteter og besøk av eksterne aktørar: Smitterisiko blir vegd opp mot grad av behov og nytte av tenesten/ aktiviteten. For frisør, fotterapeut o.l gjeld råda for ein-til-éin-kontakt, og bruk av munnbind.

For eventuelle bebuarar som ikkje er vaksinerte bør det utøvast større varsemd.

Ved auka forekomst og smitteutbrot av Covid 19 blir forsterka tiltak vurdert.

Velkomen på besøk! Mvh oss på sjukeheimen.