15.12.2020: Besøksrestriksjonar for sjukeheimen i jula

Klikk for stort bildeI samråd med kommuneoverlegen gjeld følgjande besøksrestriksjonar for sjukeheimen i jula:

1. Det skal fortsatt gjerast avtale om besøk på førehand. Vi fører besøkslogg (oppbevarast 10 dagar for evt smittesporing)

2. Det anbefales ikkje besøk/ permisjon heime hos pårørande for pasientane denne jula. Besøk bør i størst muleg grad foregå på sjukeheimen. Dette for å ha kontroll på smittevernet og sikre forsvarlegheita. Det kan gjerast individuell vurdering når kun dei næraste skal vere tilstades, og når desse ikkje kjem frå område med høgt smittetrykk.

3. Besøk på sjukeheimen: Besøka skal foregå på romma til bebuarane. Utfør håndhygiene før du går inn. Kvar avdeling vil lage ei plan for kor mange besøk avdelinga kan følgje opp godt med omsyn til smittevernet på den enkelte vakta/ dagen i jula. Så her gjeld det å bestille besøkstid i god tid, då det vil begrensa seg kor mange besøk vi kan ta imot kvar dag.

4. Ved besøk på sjukeheimen skal besøket vare i max 1 time og avstandskravet på 1 meter må overhaldast med omsyn til antal samtidige besøk til den enkelte pasient. Det bør ikkje vere meir enn 2-3 personar om gongen på eitt rom for å kunne overhalde smittevernet. Obs, om de ønskjer å ta bilder skal det fortsatt haldast avstand (1 m).

5. Det er låg terskel for bruk av munnbind. Heller eit munnbind for mykje enn eit for lite! NB! For besøkande frå område med høgt smittetrykk skal både besøket og pasienten bruke munnbind, samt halde 2 meter avstand.

6. Som elles; hald avstand, ha god hygiene, ikkje kom på besøk om du har Covid19-symptom. Ved akutt/ alvorleg sjukdom og i livets sluttfase vil det bli gjort unntak som før - då gjeld at om du har symptom på forkjølelse så vil du bli ikledd aktivt smittevernutstyr for å kunne vere saman med den alvorleg sjuke.  

7. Obs, i tillegg gjeld karantenebestemmelsane for innreise, dvs at kjem du frå reise i utland som Norge klassifiserer som raude, så er du i innreisekarantene 10 dagar, og må da avvente besøk på sjukeheimen til karantenen er ferdig (det blir gjort unntak ved akutt/ alvorleg sjukdom, då med bruk av smittevernutstyr).

8. Gåver, blomster og julegodt er ok å ha med. Ta med kaffe/ mat til eige forbruk under besøket.

Velkomen på besøk i julehøgtida i annleisåret 2020. På førehand takk for samarbeidet om ei trygg og koronafri jul. Med vennleg helsing oss på sjukeheimen.