16.04.2021: Status for koronavaksineringa veke 17

Klikk for stort bildeI alt 252 vaksinedoser skal settast fredag 30. april! Dette blir ny rekord så langt. 

Koronavaksinering fredag 30. april

Det kjem fleire doser til Norge i veke 17 enn vi har fått tidlegare, i alt 252 doser. Av desse går 175 til vaksinering med dose 1 og resten til vaksinering med dose 2. Vi vaksinerer framleis kun med vaksinetypen frå BioNTech/Pfizer.

Målgruppe for vaksinering med dose 1 er gruppe 4, alder 65 - 74 år og personar i alder 18 - 64 år med forhøga risiko. Målgruppe for vaksinering med dose 2  er personar i gruppe 3, alder 75 - 84 år.

Viktig å takke ja eller nei

Vi ber om at ein gir tilbakemelding på SMS-innkalling til dose 1 ved å logge seg på c19.no med ID-porten. Dersom ein ikkje har mulegheit til å gi tilbakemelding digitalt, kan ein ringe Vaksinetelefonen: 913 79 001, mån. - fre. kl. 09.00-1500.

Dersom tidspunktet ikkje passar

I c19 kan du endre tidspunkt for vaksinering på same dato, dersom tidspunktet ikkje passar. Det er viktig at ein ikkje avbestiller i c19. Ring Vaksinetelefonen dersom du ikkje kan møte til avtalt dato. 

Praktisk informasjon

  • Bruk inngangen du får oppgjeve i SMS-innkallinga når du kjem til Kulturhuset. Det ligg kart over inngang A, B og C på kommunen si nettside for koronavaksinering
  • Hugs å ta med utfylt eigenerklæringsskjema som du har fått i posten og gyldig legitimasjon. Eigenerklæringsskjemaet og sjekkliste før vaksinering finn du også på kommunen si nettside for koronavaksinering.
  • Ha på munnbind og bruk ermer som er lette å brette opp.

Oppmøtetid på Surnadal Kulturhus: Maks 15 minutt før avtalt tidspunkt.

Vel møtt!