16.08.2021: 1200 vaksinedosar til Surnadal i neste veke!

Neste veke vil mange fleire bli vaksinerte med dose 2 enn tidlegare estimert. 200 kommunar får no to ulike mRNA-vaksiner til disposisjon for å fullvaksinere flest muleg raskast muleg.

Trygt å kombinere to ulike mRNA-vaksiner

Regjeringa har inngått ein avtale som sikrar Norge over 1 million ekstra doser av mRNA-vaksinen Spikevax frå Moderna. Med denne auken vil mange som mottok Comirnaty (BioNTech/Pfizer) som dose 1 motta Spikevax som dose 2.

900 personar i Surnadal kommune vil difor få dose 2 med vaksinetypen Spikevax frå Moderna neste veke. Dette kjem i tillegg til vaksineleveransen frå Pfizer. Etter planen vil i alt 1200 personar bli vaksinerte i løpet av tysdag, torsdag og fredag i veke 34.

Innan veke 36 anslår FHI at alle over 18 år vil vere fullvaksinerte. Dette vil vere ein stor fordel i møte med aukande smitte denne hausten.

FHI er tydelege på at Spikevax og Comirnaty er likeverdige mRNA-vaksiner. Dei bygger på den same teknologien. Det å kombinere desse to vaksinene gir minst like god beskyttelse. I følge FHI medfører dette ingen større risiko for alvorlege biverknader, enn det å få vaksine med dose 1 og 2 frå same produsent. 

FHI presiserar at det ikkje vil vere muleg for den enkelte å velje mellom ulike vaksiner. Ved registreringa på sjølve vaksinasjonsdagen kan du be om å få vite kva vaksinetype som er aktuell for deg. Du vil ikkje få tilbod om alternativ vaksinetype om du ikkje vil ha den som er reservert for deg. FHI anbefaler eit minimumsintervall på 4 veker ved kombinasjon av vaksinetypar. 

Dette gjer du dersom timen ikkje passar

- Massevaksineringa er no på oppløpssida og vi ber folk vere klare for SMS-innkalling til dose 2 på Surnadal kulturhus tysdag, torsdag eller fredag i neste veke. Dersom timen du får ikkje passar, skal du ikkje ringe Vaksinetelefonen, ber vaksinekoordinator Gunn Heidi Ansnes. Gå heller inn på c19 og avbestille timen og sett tidlegast dato du kan motta dose 2. Du vil få SMS med ny time.

Du kan også sende epost direkte til vaksinekoordinator: gunn.heidi.ansnes@surnadal.kommune.no 

Til slutt vil vi minne dei som enno ikkje har booka time til dose 1 om å gjere dette snarast muleg eller sende epost til vaksinekoordinator. Det er usikkert korleis vaksineringa vil bli organisert etter september, så det er lurt å booke no, seier Ansnes. 

Informasjonsark om vaksinetypen som er reservert for deg er lagt på stolen din i vaksinasjonslokalet før du mottek vaksinen.

FHI Informasjonsark: Moderna-vaksinen

FHI Informasjonsark: Pfizer-vaksinen