16.11.2020: Statusoppdatering frå kommuneoverlegen

Klikk for stort bilde Foto: CDC, Alissa Eckert Ingen påviste smittetilfelle i Surnadal Sparebank: 

Via smittesporing i Kristiansund kommune fekk Surnadal Sparebank før helga beskjed om at ein person hadde besøkt hovudkontoret i Surnadal før vedkommande fekk påvist covid-19. Som eit føre var-tiltak gjennomførte banken testing av alle tilsette, fredag 13. november. Samtlege prøvesvar er påvist negative.

To tilsette som er helsepersonell i Surnadal kommune er friteke arbeidsplikt i påvente av to negative prøvesvar. Vi har grunn til å forvente at prøvesvara vil forbli negative, også ved test nummer to. Vi gjer dette for å vere på den sikre side. Det er ikkje tal om tilfelle av nærkontakt. Surnadal Sparebank opnar dørene som normalt frå og med tysdag 17. november etter ei kort stenging.

Situasjonen er under kontroll. Alle involverte har vist stort medansvar, noko som bekreftar inntrykket av at alle i kommunen samarbeider godt for å oppretthalde det låge smittetrykket i kommunen.

Med vennleg helsing

Bjørn Buan

Kommuneoverlege