17.09:2020: Eit nytt påvist smittetilfelle med koronavirus

Klikk for stort bilde Foto: CDC, Alissa Eckert Det er påvist eit nytt smittetilfelle med koronavirus i Surnadal kommune. Personen det gjeld er isolert og nærkontaktar er i karantene.

Alle nærkontaktar har karantene i 10 dagar frå det tidspunktet dei sist hadde nærkontakt med den som er smitta. Dette gjeld også etter påvist negativ test. Det er ikkje gitt at alle husstandsmedlemmar til ein nærkontakt automatisk er i karantene. Den som er ansvarleg for smitteoppsporinga, avgjer kva kategori den enkelte nærkontakt høyrer heime i etter ei heilheitsvurdering av smitterisiko.

Så langt ser det ut til at smittetilfellet dreier seg om smitte i samband med reise innanlands.

Det er viktig at vi får fanga opp smitte via aktiv testing og får stansa vidare smittespreiing lokalt. Vi har testa frå 60-100 personar kvar veke i haust. Dei fleste som har bestilt test tidleg på formiddagen har fått tilbod om testing same dag.

Frå nasjonale helsemyndigheiter er vi dessverre kjent med at mange som er i karantene, likevel bryt karantenereglane. Når vi no har fått påvist smitte i kommunen er det viktig at alle følgjer karantenereglane og råda dei får frå smittesporingsteamet.

På noverande tidspunkt kan vi ikkje utelukke at nærkontakt med den smitta kan medføre karantene i kommunale tenester, men dette blir avklart om kort tid.

Med vennleg helsing

Bjørn Buan
Kommuneoverlege i Surnadal