17. mai i Nedre Surnadal

Klikk for stort bilde Hovudarrangementet i Nedre Surnadal følgjer same opplegg som for dei siste åra:

Det er gudsteneste i Øye kyrkje kl. 1200. Så blir det oppstilling og start for toget frå Øye stadion. Togavgangen blir kl. 1315 og togturen går via sjukeheimen og endar ved kulturhuset. Ein visar til plakaten under for oppstilling i toget.

Ved sjukeheimen blir det spela to songar, ”Ja vi elsker…” og ”Fagert er landet”, før toget går vidare til kulturhuset. Ved kulturhuset skal ein først synge ”Fagert er landet”, deretter blir det talar ved hovudtalar kulturleiar Lilli Husby og russepresident Erik Andersen,  før vi avsluttar med ”Ja vi elsker…” (du finn songtekstene m.a. på facebook-sida «17. mai i Surnadal»).

Ungdomsrådet i Surnadal er også med i 17. mai-komitéen i år, og det er leiar i ungdomsrådet, Elise Stensønes, som også er leiar av komitéen.

Du finn meir informasjon om dei ulike 17. mai-arrangementa i kommunen på ulike nettsider, facebook-sida «17. mai i Surnadal» eller ved å ty til emneknaggen #17maisurnadal (med atterhald om at dei blir meldt inn).

Ha ein fin nasjonaldag!

Klikk for stort bilde