19.02.2021: Dei viktigaste endringane i nasjonale tiltak frå 23. februar

Klikk for stort bildeDei fleste nasjonale tiltaka vi kjenner frå før blir oppretthalde, men det kjem noko lettelsar, spesielt retta mot barn og unge, gjeldande frå 23. februar. Under har vi samla dei viktigaste endringane for sosiale samankomstar og arrangement.

Sosiale samankomstar og arrangement: 

  • Gjeld fortsatt: Alle arrangement som samlar personar frå ulike kommunar, bør utsettast eller avlysast. 

Så mange kan vere på eit arrangement:

  • Maks 10 personar på private samankomstar innandørs utanfor eigen hjem, som for eksempel bursdag i leigd lokale.
  • Maks 50 personar på innandørs idrettsarrangement for barn som samlar deltakarar frå same kommune 
  • Maks 100 personar på andre innandørs arrangement kor alle i publikum sitt på faste, tilviste sitteplassar (for eksempel gravferd og bisettelse). 
  • Maks 200 personar på arrangement utandørs, men 200 personar x 3 kohortar dersom dei sitt i faste tilviste plassar og det er to meters avstand mellom kohortane.
  • Arrangøren skal iverksette tiltak for å ivareta krav til avstand mellom deltakarar som ikkje er i same husstand på arrangement der publikum sitt på faste, tilviste sitteplassar. Om det er nødvendig skal det nyttast vakthold for å sikre dette.
  • Medlemsmøte, inkludert møte i foreiningar og liknande er rekna som arrangement.

Idretts- og fritidsaktivitetar (gjeld barn og unge under 20 år):

  • Kan trene og delta på fritidsaktivitetar som normalt, og er er unnateke anbefalinga om 1 meters avstand når det er nødvendig for å drive med aktiviteten.
  • Kan trene både ute og inne med laget sitt eller klubben sin, men kampar, cupar, stevner osv. for barn og unge bør fortsatt utsettast
  • I idrettar som involverer nærkontakt, som for eksempel fotball og handball, må alle deltakarane i konkurransen vere frå same kommune.
  • Dersom barn og unge trener med eit idrettslag i ein annan kommune, vil dei kunne konkurrere med dette idrettslaget så lenge smittesituasjonen tillet det.
  • I idrettar som ikkje inneber nærkontakt, som for eksempel ski, kan konkurransane samle deltakarar frå idrettskretsen eller den geografiske regionen.

Restaurantar, kafear, barar: 

  • Det er nasjonal skjenkestopp kl 22 alle dagar.
  • Alkohol kan kun serverast saman med mat.
  • Det skal kun serverast alkohol ved borda.
  • Det skal vere sitteplasser til alle gjestane.
  • Både mat og drikke skal serverast og besørgast av serveringsstaden. 
  • Gjestar slepp ikkje inn etter klokka 22. 

Full oversikt over nasjonale reglar og anbefalingar finn du hos regjeringen.no