21.12.2020: Jul, testing og koronavaksine

Klikk for stort bildeKommuneoverlege Bjørn BuanVi har ingen nye påviste smittetilfelle og det pågår heller inga aktiv smittesporing i Surnadal kommune no rett før jul.

Det går mot ei etterlengta julefeiring for store og små. Håpet er at vi skal kunne møtast i trygge rammer og halde avstand, samtidig som vi har det triveleg i lag med våre nermaste. 

Klare for koronavaksinasjon

Surnadal kommune har planen for koronavaksinering klar. Vi forventar varsling om forsendingar med eit begrensa antal vaksinedoser i vekentlege etappar i starten av nyåret. Vi førebudde på at det kan komme endringar i raskt tempo.

Personar som er i risikogruppe vil ved årsskiftet motta brev frå kommunen med informasjon om koronavaksineringa og korleis dei skal forhalde seg i tida framover.

Bebuarar ved sjukeheimen, omsorgsboligane og mottakarar av heimesjukepleie vil få tilbod om koronavaksine direkte via tenestene etter kvart som forsendingane kjem til kommunen og i tråd med nasjonale prioriteringar av risikogrupper. 

Du vil finne oppdatert informasjon om koronavaksineringa i Surnadal kommune på denne nettsida.

Testing for koronavirus i jula

Det er viktig å teste seg i jula, dersom ein utviklar symptom eller har mistanke om at ein er smitta. Ein kan bestille koronatest via c19.no på følgande datoar:

23., 26., 28, 29, 30. desember og laurdag 2. januar.

Med ønske om ei riktig god og smittefri jul og eit godt nyttår!

Helsing Bjørn Buan

Kommuneoverlege