23.03.2020: Statusrapport frå kriseleiinga i Surnadal kommune

Klikk for stort bildeFoto: CDC, Alissa EckertDet er framleis ikkje påvist smitte av covid-19 i Surnadal kommune. Det er utført smittesporing mot annan kommune, men heldigvis med negativt resultat.

Kommuneoverlegen opprettheld vedtak om karanteneplikt i 14 dagar for alle studentar som kjem heim til Surnadal. Vedtaket gjeld fram til nytt vedtak føreligg etter ny vurdering av smittesituasjonen i starten av neste veke. Kommuneoverlegar har myndigheit til å fatte vedtak med omsyn til lokale forhold, men Surnadal kommune følgjer nasjonale og regionale retningsliner så langt som råd.

Landbruksnæringa har i dag lansert ei eiga beredskapsgruppe som består av leiarane i Bondelag og Småbrukarlag, i saueavlslag, mjølkeprodusentlag og skogeigarlag. I denne ressurssterke gruppa er og varaordførar Hugo Pedersen, samt jordbrukssjef og avløysarlaget, med. Oddvar Mikkelsen er leiar i gruppa, som både stiller seg til disposisjon for bønder og vil vere behjelpeleg med å ta i eit tak om det trengst i andre beredskapssituasjonar framover. Kontakttelefonar til Landbruket si beredskapsgruppe ligg i oversikta over kontakttelefonar på kommunen sine korona-nettsider.

Mange vil kanskje trenge hjelp til å handle inn mat og medisiner framover. Kanskje nokon treng hjelp til å lufte hunden sin og. Surnadal Frivilligsentral er no oppe og går med tilbod om hjelp på sine heimesider. Lenke til Frivilligsentralen vår finn ein på kommunen sine korona-nettsider. Her kan du enkelt registrere om du er den som sjølv treng hjelp eller som vil hjelpe. Dersom enkelte ikkje får til å bruke nettsida til å registrere seg, kan ein ta kontakt med dagleg leiar Hilde Staveli Solli på telefon: 97 11 24 27. Korona-telefonen vår kan og vere behjelpeleg med å formidle slik kontakt.

Det er gledeleg at vi på same dag har fått på plass to så gode samarbeidstiltak der folk hjelper folk!