Det er grunn til å håpe at inngripande nasjonale tiltak frå 5. november og ytterlegare innstrammingar i enkelte byar, viser seg å ha nasjonal effekt.Om dette stabiliserar seg ytterlegare, håpar vi etterkvart på mildare nasjonale tiltak som gir større rom for justering av tiltaksnivå, basert på den lokale smittesituasjonen i kommunar og regionar.
Kriseleiinga i Surnadal kommune gjekk for eit par veker sidan ut med nokre lokale råd og konkretiseringar av nasjonale tiltak. Målet var, og er framleis, å oppretthalde eit lågt smittetrykk lokalt, til vi får tilgang på effektive vaksiner.
Etter ei ny risikovurdering justerer vi følgande lokale råd i Surnadal kommune:
-
Opphevar lokal fråråding av private samankomstar i leigde lokale:
Vi opphevar lokalt råd om å utsette private samankomstar i leigde lokale og viser til nasjonale smitteverntiltak. Presisering: Det betyr ikkje at vi oppfordrar til dette, men det betyr at vi no ikkje ser grunn til å gi ytterlegare lokale smittevernråd til folk i Surnadal enn dei som gjeld nasjonalt.
-
Opphevar lokal anbefaling om øvre antal gjestar i private heimar:
Vi opphevar lokal anbefaling om øvre antal gjestar i private heimar og viser til nasjonale smitteverntiltak.
-
Endrar lokal fråråding til studentar ved heimreise:
Vi opphevar fråråding av hyppige heimereiser for studentar og viser til generell nasjonal anbefaling om å unngå unødvendige innanlandsreiser.
-
Ny lokal fråråding til studentar ved heimreise:
Vi fråråder at heimkomne studentar deltek på innandørs sosiale samankomstar dei første to dagane etter heimkomst. Dersom luftvegssymptom og /eller feber, bør studentar - i likheit med alle andre - teste seg og halde seg i ro i påvente av negativt testsvar.
-
Opprettheld lokal anbefaling om bruk av munnbind i kollektivtransport:
Ved bruk av kollektivtransport, unnateke skuleskyss, opprettheld vi anbefaling om bruk av munnbind for alle over 14 år. I første omgang til over jul. Gjeld også for private taxi-turar med meir enn 2 passasjerar.
-
Opphevar lokal anbefaling om antal dagar med auka avstand til risikogrupper:
Vi opphevar lokal konkretisering av antal dagar (5) kor ein bør halde minst 2 meter avstand til risikogrupper etter deltaking i folkeansamlingar med mindre enn 1 meter avstand. Viser til nasjonale smitteverntiltak.
For oppdaterte nasjonale smitteverntiltak: Sjå reglar og enbefalingar på helsenorge.no.