24.03.2021: Påskeferie med strenge nasjonale tiltak

Klikk for stort bildeOrdførar Margrethe Svinvik og kommunedirektør Knut Haugen i Surnadal kommune Surnadal kommune Kommuneleiinga har hatt møte i dag og kjem her med nokre viktige råd for påska i tråd med nye nasjonale tiltak.

Difor får vi nye nasjonale tiltak no - også her

Det nasjonale smittetrykket er for høgt inn mot påskeferien. Kommunar med lågt smittetrykk må gjere det som er nødvendig for å redusere risikoen for å få smitteutbrot, medan mange kommunar med høgt smittetrykk frå før har langvarige og ekstra strenge tiltak for å slå smitten ned. Dei nye nasjonale tiltaka er eit forsøk på å unngå at påska vippar Norge over kanten til ein situasjon vi ikkje ønskjer. Går smitten ned nasjonalt kan vi unngå enda strengare tiltak og fleire stengte tilbod. Det viktigaste denne påska er at vi reiser så lite som muleg og møter så få som muleg for å hindre at smitten spreier seg.

Dei strengaste nasjonale tiltaka gjeld samvær innandørs, kor smitterisikoen er størst. Vi får innstille oss på grillkos og anna uteaktivitet der vi kan vere saman med god avstand.

Tiltaka som er innført av regjeringa gjeld frå 25. mars og i utgangspunktet fram til 12. april. Tiltaka gjeld uansett kor i landet ein befinn seg, anten det er på fjellet, i byen eller på bygda.

Sosialt: 2 x 2 reglane

Vi skal halde 2 meter avstand og kan ha maks 2 gjestar.

Avstand på 2 meter til alle personar som ikkje er i husstanden, gjeld både inne og ute. Det er unntak frå dette for barnehage og skule og i helsetenesta.

Oppdatert 25.03.2021: FHI oppdaterer unntak frå råd om 2 meter avstand

Der du kan, hold gjerne 2 meter avstand til andre enn dem du bor med, kjæresten din eller 1-2 faste kontakter om du bor alene. Barn og ungdom kan ha 1-2 faste venner som de kan ha nær kontakt med. Dette vil ikke gjelde for helsetjenesten, barnehager og skoler, eller andre tjenester for sårbare grupper der det i praksis kan hindre normal drift av tjenestene. For virksomheter hvor 1 meter er forskriftsfestet i covid-19-forskriften, vil kravet om 1 meter avstand fortsatt gjelde. Det gjelder for eksempel butikker og frisører. Det betyr også at det fortsatt vil stå 1 meter avstand i veiledere og bransjestandarder. (FHI)

Vi anbefaler alle å ha på munnbind der det er vanskeleg å halde to meter avstand, som for eksempel i butikken. Følg merking og informasjon på staden.

Unngå reising

Det er lov å reise til hytta – men berre med eigen husstand. Dersom du bur åleine kan du reise saman med ein eller to faste venner eller ein fast husstand.

Vi skal unngå alle reiser innanlands som ikkje er strengt nødvendige. Reiser som er strengt nødvendige er arbeidsreiser som ikkje kan utsettast, planlagt medisinsk behandling, besøk ved livets slutt og reiser til gravferd.

Studentar som bur utan familie på studiestaden kan reise heim, men bør begrense sosial omgang innandørs og vere mest saman med husstanden. Ved heimreise frå ein stad der ein ikkje skal ha besøk, skal ein heller ikkje ha besøk her. Vi ber tilreisande om ikkje å bruke lokale treningssenter.

Arrangement og fritidsaktivitetar: 20 og 50-reglane

Vi anbefaler at alle planlagte arrangement avlysast. Dersom arrangement ikkje kan utsettast gjeld desse reglane;

  • Innandørs : 20 personar på arrangement med faste, tilviste sitteplassar.
  • Innendørs: For dei under 20 år  -  50 personar på idrettsarrangementer for idrettslag i same kommune.
  • Utandørs: 50 personar på arrangement.
  • Gravferd: 50 personar med faste tilviste plasser.

For fullstendig oversikt over nye nasjonale tiltak, viser vi til helsenorge.no

Konsekvensar for lokale tilbod

  • Surnadal alpinsenter held ope gjennom påska med gode smittevernrutiner.
  • Kinoen er stengt frå og med 25. mars.
  • Biblioteket har avvikande opningstider i påska. For opningstider, sjå biblioteket sine heimesider.

     

Tilsyn med smittevern

Det blir auka lokal tilsynsaktivitet i tida framover slik at både bedrifter og kundar skal kjenne seg trygge på at smittevernet er godt ivareteke.

Testing i påska

Vi anbefaler testing ved den minste mistanke. Koronatest kan bestillast på c19.no. Testing i Surnadal kan bestillast for måndag, tysdag og onsdag, samt påskelaurdag.

Kommuneleiinga følgjer situasjonen gjennom påska og vil komme med aktuell informasjon til innbyggarane våre i tråd med nye anbefalingar.

Inntil vidare – fatt mot og nyt alt det flotte vi tross alt har kring oss i påska!

Med beste helsing

Kommuneleiinga i Surnadal kommune