25.08.2021: Informasjon om koronavaksinering til alle 16. og 17. åringar

Her kjem viktig informasjon om koronavaksine til deg som er fødd i 2004 og 2005

Tid og stad for vaksinasjon

Torsdag 9.september tilbyr Surnadal kommune Pfizer-vaksine til alle 16 og 17 åringar som har bustadadresse i Surnadal og/eller er elev ved Surnadal vidaregåande skule.

Vaksineringa foregår mellom kl. 9.00 -13.00 på Surnadal kulturhus.

Innkalling og bestilling via SMS frå c19

Alle vil motta ein SMS frå c19 i løpet av  fredag 27.august. I meldinga står det at du er prioritert for koronavaksine. Linken i meldinga er til nettsida c19.no. Dette er same nettsida som vi brukar til bestilling av både koronatest og koronavaksine i Surnadal. 

Dette gjer du:
c19.no velger du Bestill koronavaksinasjon. Deretter loggar du på med ID-porten med din BankID og takkar JA. Følg instruksane. Du får tildelt klokkeslett, bås og setenummer til vaksinasjonen på Surnadal kulturhus. Du får ein ny SMS med påminning dagen før.

For deg som ikkje har eigen BankID, så kan ein av dine føresette bestille for deg med sin BankID og legge inn ditt fødsels- og personnummer og mobilnummer i bestillinga. Akkurat som når ein bestiller koronatest for andre.

Ta med eigenerklæringsskjema og samtykkeskjema

Alle som ikkje har fylt 16 år innan vaksineringsdagen må ha med eige utfylt samtykkeskjema frå føresette. Ved delt omsorg må dette signerast av begge føresette. Alle over 16 år bestemmer sjølv. Alle skal ha med ferdig utfylt eigenerklæringsskjema på vaksinasjonsdagen. Sjå lenker under. De treng ikkje skrive dei ut. Skulen vil dele ut aktuelle skjema til elevane. 

Elevar ved Surnadal VGS kan ta kontakt med helsesjukepleiar eller skulen for spørsmål. Øvrige bes ta kontakt med kommunen på epost vaksine@surnadal.kommune.no eller vaksinetelefon 913 79 001. Har du medisinske spørsmål, kontaktar du fastlegen.

Hugs å ta på munnbind før du går inn på Surnadal kulturhus på vaksinasjonsdagen.