31.08.2021: Slik blir innspurten på koronavaksineringa

Vaksinekoordinator Gunn Heidi Ansnes får velfortente blomster av kommunalsjef Gunhild Eidsli. - Klikk for stort bildeVaksinekoordinator Gunn Heidi Ansnes får velfortente blomster av kommunalsjef Gunhild Eidsli.No er det er like før, på fleire måtar! Både koronavaksineringa og vaksinekoordinatoren vår nærmar seg termin. 

Vår dyktige vaksinekoordinator, Gunn Heidi Ansnes, går no ut i svangerskapspermisjon etter å ha stått på nesten heilt til termin. Koronavaksineringa blir godt i vareteke framover, heilt til vi er i mål med alle. Og det er ikkje lenge til, det heller.

Vi held fram med massevaksinering med mRNA-vaksinene frå Moderna og Pfizer utover i september. Merk deg informasjonen under om du ikkje er fullvaksinert.

Viktige datoar for vaksineinnspurten

  • Fredag 3. september: Aldersgruppa 18-24 år og 40-44 år i Surnadal er fullvaksinerte.
  • Torsdag 9. september: Aldersgruppa 16 og 17 år vaksinerast med Pfizer.
  • Fredag 10. og 17. september: Aldersgruppa 25 – 39 år er fullvaksinerte.
  • Fredag 24. september: Siste dag med massevaksinering og utsett dose 1. 
  • Fredag 15. oktober: Vaksineringsdag med dose 2.

Endring i bruk av c19 og Vaksinetelefon

I underkant av 200 personar i kommunen har enno ikkje takka ja til tilbodet dei har fått om dose 1. Alle som bestiller og får dose 1 den 10., 17. eller 24. september, får dose 2 den 15. oktober. Gå inn på c19 og bestill time så raskt som muleg. Frå fredag 3. september blir c19 stengt for bestilling av koronavaksine for alle andre enn 16 og 17 åringane.

c19 vil framleis vere open for bestilling av koronatest.

Etter denne datoen må ein henvende seg på epost til vaksine@surnadal.kommune.no eller kontakte Vaksinetelefonen, som i september har følgande opningstider:

  • Tysdag og torsdag kl. 10.00 – 11.30
  • Fredag kl. 09.00 – 15.00

Skal du vaksinerast i annan kommune?

Dersom du ikkje skal benytte deg av timen din i Surnadal fordi du får vaksine i ein annan kommune, går du inn på c19 og takkar nei til tilbodet vi har gitt deg. Ei avbestilling hos oss, vil ikkje gi oss svar på om du tek imot tilbodet i den andre kommunen.

Viktig å teste seg

Vi ser fram til at alle som kan om kort tid er fullvaksinerte. Samtidig aukar smittetrykket kring oss og utan at alle er beskytta. Skulane og barnehagane er på grønt nivå og vi må difor rekne med meir virussmitte, både med og utan korona. Vi minner difor om at det er viktig å teste seg dersom ein får symptom som kan vere korona, sjølv ved milde symptom. Dette gjeld også for fullvaksinerte.

I løpet av dei neste dagane vil kommunen gi nærmare informasjon om lokalt opplegg med bruk av hurtigtestar og sjølvtestar i staden for karantene for personar under 18 år i Surnadal.