Årets Stikk UT!-turar

Første mai startar årets Stikk UT!-sesong, og nedanfor ser du alle turane i Surnadal kommune. Det trykte Stikk UT!-kartet blir sendt til alle husstandar i løpet av veke 17. Om du ikkje får det i posten, kan du hente det på servicekontoret i kommunen.

Klikk for stort bildeTorviksetra Klikk for stort bildeBjøråskaret

 

Nytt av året er det at alle Stikk UT!-turane i Møre og Romsdal blir presenterte på same kart og i same nettløysing. Det inneber at turglade små og store kan velje mellom 381 turar i 30 kommunar i fylket.

I Surnadal blir det to nye turmål i år: Torviksetra og Bjøråskaret. Sula og Storhaugen i Todalen går ut som turmål.

For meir informasjon om Stikk UT! og oversikt over alle turmål i fylket, gå til stikkut.no.

Vær merksam på at mange turar ikkje opnar til 1.mai på grunn av snø. Sjekk turbeskrivelsen for når turen opnar før du legg ut på tur.

Turar i Surnadal:

 

Bjøråskaret

raud

Bølia

raud

Kallset, Bøfjorden

grøn

Kleiva, Skei

grøn

Kristiansvarden på Skarfjellet

raud

Liabekken om setervegen

blå

Roparen (frå Alpinsenteret)

grøn

Solemssetra

blå

Storsetra

blå

Svinvikrunden

grøn

Syltnebba

blå

Torviksetra

blå