Barnehagedagen 2018

I dag har dei eldste barna i barnehagen markert Barnehagedagen 2018.

Tema er barnehagens arbeid med kunst, kultur og kreativitet under slagordet: «La meg skape!»

Fakta Barnehagedagen:
Barnehagedagen er ein årleg markering der barnehagane åpner dørene for andre for å vise og synliggjere barnehagens aktivitetar - der leik, læring, danning og omsorg er grunnleggjande. Barnehagedagen markeres i mars kvart år, første gong i 2005. Dagen markeres i mange barnehagar landet rundt, og har vorte ein tradisjon i store deler av barnehagenorge.

I Surnadal har vi gjennom mange år markert Barnehagedagen med ei tilstelning på Kulturhuset eller andre stader i kommunen.

Dei eldste barna i alle barnehagane vert invitert til å vere med. Ein eigen komitè planlegg og gjennomførar opplegget på Kulturhuset. I år var det Elin Merete Hamnes, Else Johannessen og Mona Hyldbakk som stod bak arrangementet.

Aktivitetane denne dagen tek utganspunkt i årets tema kvart år.

På Kulturhuset var det gjort klart fem stasjonar og barna var delt inn i like mange grupper.

 

Utkledning og speil høyrer saman 1 - Klikk for stort bildeUtkledning og speil høyrer saman 1 Kenneth Bergstad Maling! 1 - Klikk for stort bildeMaling! 1 Maling var ein av postane 1 - Klikk for stort bildeMaling var ein av postane 1 På ein av postane fekk barna lage noko av pappesker og tape 1 - Klikk for stort bildePå ein av postane fekk barna lage noko av pappesker og tape 1 På ein post var det dans på programmet 1 - Klikk for stort bildePå ein post var det dans på programmet 1 Utkledning gjekk føre seg på scena 1 - Klikk for stort bildeUtkledning gjekk føre seg på scena 1 Veving var eit populært innslag 1 - Klikk for stort bildeVeving var eit populært innslag 1