På sjukeheimen har fleire aktivitetar gått som vanleg ei god stund no og så langt har vi heldigvis klart å unngå smitte hos bebuarane.
Alle bebuarane ved sjukeheimen tilhøyrer den sårbare gruppa med forhøga risiko for komplikasjonar ved eventuell smitte med covid-19. Dei aller fleste er vaksinerte, men vi ønskjer likevel å hindre smitte ved sjukeheimen i størst muleg grad.
Vi oppfordrar difor til følgande rutiner om du ønskjer å besøke sjukeheimen:
- Besøkande er anbefalt å bruke munnbind i fellesområda på sjukeheimen
- Besøkande med forkjølelsessymptom bør vente til dei er friske før dei kjem på besøk
- Besøkande treng ikkje å registrere besøk i besøkslogg.
Informasjon er i tillegg hengt opp ved alle inngangsdørene ved sjukeheimen.
Gode basale smittevernreglar som god handhygiene er framleis viktig.