Besøksrutiner ved sjukeheimen etter gjenopninga

Surnadal sjukeheim - Klikk for stort bilde 

Vi ønskjer at de følgjer desse råda når de kjem på besøk:

  • Ein treng ikkje avtale besøk på førehand, men ein må sjølv skrive seg inn i besøkslogg. Desse ligg ved inngangane.
  • Besøkande frå område med smitteutbrot følgjer smittevernråda for området med høgast smitterisiko.
  • Alle besøkande må utføre handhygiene ved ankomst.
  • Besøkande med bekrefta eller sannsynleg smitte, eller som har luftvegssymptom, skal som hovudregel ikkje komme på besøk. Unntak vurderast ved alvorleg sjukdom. Ved bekrefta smitte kan ein komme på besøk ei veke etter ferdig isolasjonsperiode.

Velkommen på besøk!                             Tlf 71 65 82 00