Biblioteket held ope på måndag

Surnadal folkebibliotek har gjort ein vri for å gi brukarane eit godt tilbod før påska startar for fullt.

Kulturhuset opnar ikkje før kl. 12 i dei tre kvardagane før påske, og i tillegg er arbeidstida redusert på onsdagen før skjærtorsdag.

For å kompensere for dette held ein ope måndag 26. mars mellom kl.12 og 18, og tilsvarande på tysdagen. Biblioteket har til vanleg ikkje ope på måndagar (på vinterhalvåret), så dette er eit unnatak for denne eine gongen.

Biblioteket er stengt på onsdagen.

Vanleg opningstid f.k. laurdag (kl. 11–14).

Kulturhuset er stengt frå skjærtorsdag og opnar igjen 2. påskedag.