Biblioteket med nye opningstider

Surnadal folkebibliotek har no vorte «meirope» og har samtidig fått krav om innsparing av lønsutgifter. Det går difor utover opningstidene. Frå 1. februar vil biblioteket vere ope mellom kl. 11 og 16 på måndag til torsdag, og kl. 11 til kl. 15 på fredagar.

Sia biblioteket er «meirope», vil alle over 18 år, som har teikna avtale, ha tilgang til biblioteket mellom kl. 07 og 22 alle dagar (med unnatak for høgtider der kulturhuset er stengt). Føresette kan sjølvsagt ta med seg «sine» under 18 år når dei sjølv skal dit.

Det står ein skranke på biblioteket der lånarane sjølv kan registrere eigne utlån på ein enkel måte.  

Det som vil bli meir utfordrande er å få hjelp til m.a. å finne fram, spesielt i fagbøkene, samt bestille og reservere bøker. Men ein håpar å redusere desse problema noko ved at lånarane kan legge att meldingar om bestillingar m.m.

Det er så langt 130 lånarar som har teikna avtale om tilgang til «meirope bibliotek».