Biologisk mangfald - invitasjon til å bli med i utval

Klikk for stort bildeBufo bufo - Nordpadda vår iTrollheimen   Surnadal kommunestyre vedtok i møte 5. februar 2020 å etablere eit innbyggarutval for biologisk mangfald som skal fungere i 2020 og 2021.

Til å sitte i utvalet vart desse tre politikarane valt:  Eli Wullum Kvande, leiar (MDG), Harald Myrås (SV) og Hugo Pedersen (Sp). I tillegg til desse skal det sitte fire innbyggarrepresentantar i utvalet. Vi vil med dette invitere innbyggarar i kommunen til å melde si interesse om å vere med. Mandatet til utvalet er  å legge fram forslag til tiltak for å ta vare på det biologsike mangfaldet. I dette ligg og arbeidet med å redusere omfanget av framande artar i kommunen.   

Utvalet skal også  fungere som eit rådgjevande organ overfor kommunen sin administrasjon.

Biologisk mangfald er det mangfaldet av liv som er å finne på jorda. Begrepet omfattar både dei levande organismane (artane), naturtypane (økosystema) desse artane lever i og det genetiske mangfaldet innan dei enkelte artsgruppene. Sagt på ein enklare måte: Biologisk mangfald er plantar og dyr og deira leveområde, den levande naturen omkring oss.

Biomangfaldet er nødvendig for at økosystema skal fungere. Det kan vere vankeleg å legge merke til  om ein sjeldan plante- eller dyreart forsvinn frå eit naturområde, men det kan ha ein avgjerande rolle for korleis økosystema fungerer. Vi veit altfor lite om artane sin funksjon i økosystema. Derfor er det viktig å ta vare på alle arter.

Norge har slutta seg til den globale konvensjonen om vern og berekraftig bruk av alt biologisk mangfald, som vart lagt fram på FN-konferansen om miljø og utvikling i Rio de Janeiro i 1992. Det foreslåtte utvalet passar godt inn i dette arbeidet.  Vidare vil eit slikt utval og passe godt inn i kommunen sitt ønske om å vere ein berekraftskommune i tråd med FN sine berekraftsmål.

Frister er sett torsdag 27. februar.

Adresse: post@surnadal.kommune.no 

Surnadal kommune

Bårdshaugvegen 1

6650 Surnadal