Bli bøsseberar i Surnadal for NRK TV-aksjonen NÅ ER DET HENNES TUR

Klikk for stort bilde Søndag 20. oktober skal 100.000 frivillige bøsseberarar besøke 2,3 millionar husstandar. Dette gjør TV-aksjonen til Norges største dugnad og verdas største innsamlingsaksjon. Vil du vere med og gå årets viktigaste søndagstur? Registrer deg med kontaktinformasjon og kva krins i Surnadal kommune du ønskjer å gå i, og du vil motta praktisk informasjon på epost. Det er behov for bøsseberarar  i alle krinsane som er synleg i lista når du registrerer deg. Registrer deg her

Om årets TV-aksjon

Årets TV-aksjon er ein aksjon for likestilling! Organisasjonen CARE har som målsetting å gi 400.000 av verdas mest sårbare og utsette kvinner mulegheit til å tene eigne pengar, bestemme over sin eigen kropp og til å ha ein stemme som betyr noko. Les meir om NRK TV-aksjonen CARE 2019 her.

I Surnadal kommune går det kvart år 80-90 bøsseberarar som sett av 2 timar ein ettermiddag av livet sitt for ei god sak. I alle år har innbyggjarar fått brev frå kommunen om å bli bøsseberar. Dette er det no slutt på. Vi kjem heller ikkje til å ringe opp folk og mase. Frå no av er det 100% opp til kvar enkelt å ta initiativ til å bli bøsseberar.

VIL DU GÅ 2 TIMAR FOR HENNE? Det er superenkelt å verve seg:

Alle kommunar skal ta i bruk verveportalen til TV-aksjonen og alle som verver seg via denne nettsida blir automatisk sletta etter 3 år. Når du verver deg som bøsseberar får du ein e-post med informasjon om kor du skal hente bøsser, lokal kontaktinformasjon, m.m.

Året etter får du ein ny epost med spørsmål om du vil vere bøsseberar. Det er berre å svare ja eller nei. Etter 3 år må du registrere deg på nytt om du framleis vil vere tilgjengeleg for oss som jobbar med TV-aksjonen i Surnadal kommune. Vi håpar sjølvsagt at du vil det!

Om det ikkje melder seg nok bøsseberarar frå eit område, ja så kjem det rett og slett ikkje bøsseberarar til alle.

For dei som ikkje vil melde seg som bøsseberar via digitale kanalar er det berre å ta kontakt med servicetorget i Surnadal kommune for å bli sett opp som bøsseberar i eit område i Surnadal:

  • Telefon: 71 65 58 00
  • E-post: anne.lise.wullum@surnadal.kommune.no   

Norske Kvinners Sanitetsforening er CARE sin partnerorganisasjon i Norge og våre lokale foreiningar i Surnadal kjem til å vere synlege framover mot 20. oktober, saman med fleire lokale aktørar og næringslivet i bygda. Følg med!