Byggesakskontoret stengt i veke 20 (13.-16. mai)

Klikk for stort bilde Surnadal kommune gjer seg klar for digitale byggesøknader: Orkidé-kommunane går over til til nytt sak/arkivsystem og nytt verkty for saksbehandling av byggesaker.

Surnadal kommune er vald ut som pilotkommune i dette arbeidet og skal i veke 20 gjennomføre testing av programmet før resten av kommunane tek det i bruk.

Klikk for stort bilde  eByggesak er den nye generasjonen saksbehandlingssystem. Mange kommunar i landet er i gang med å anskaffe systemet, og byggesakskontoret i Surnadal er først ute på Nordmøre med å teste det ut.

Byggesakskontoret vil difor dessverre vere stengt i veke 20. Henvendelsar om byggesaker må sendast til post@surnadal.kommune.no, evt telefon 979 78 216.

Du kan også sende henvendelse direkte til saksbehandlar på e-post til Ragna.kvendset@surnadal.kommune.no eller berit.okstad@surnadal.kommune.no, så svarer dei når dei har mulegheit.