Dessverre ikkje rom for å leige idrettshallen eller gymsalar på kveldstid

Surnadal idrettshall - Klikk for stort bildeSurnadal idrettshall 

Vi er dessverre komne fram til at vi ikkje greier å gi rom for utleige av idrettshallen og dei to gymsalane på Surnadal barne- og ungdomsskule, så lenge skulane er på gult (grunnskulen) og raudt (vidaregåande skule) beredskapsnivå. Dette kom fram etter ei tverrfagleg drøfting med utgangspunkt i dei nasjonale smitteverntiltaka og reinhaldskapasiteten vi har i kommunen.

I denne omgangen gjeld tiltaka til 13.01.22, men det er varsla at det kan komme nye tiltak frå 14.01.22. Ved retur til grønt beredskapsnivå, vil det også bli grønt lys for leige av idrettshallen og gymsalar på kveldstid igjen.