Du kan få andre vaksinedose tidlegare (oppdatert)

       Det kjem fleire vaksinedosar i veke 32 og 33 som gjer at Surnadal kommune no startar med å tilby andre vaksinedose.

Surnadal kommune seier seg ferdig med ordinær innkalling for dose 1 denne veka, og vi endrar fokus til å prioritere dose 2.

Ein del ledige dosar 13.august

Til deg som har fått første vaksinedose for 21 dagar sidan eller meir, så kan du få andre vaksinedose den 13. august. Vi ber om at du sender ein epost til gunn.heidi.ansnes@surnadal.kommune.no for å melde din interesse, - her er det første mann til mølla som gjeld.

Vi har no fått nok påmeldte til vaksinering fredag 13.august. Vi tildeler timane så raskt vi kan, og du får ein bekreftelse på ny time. Til deg som har meldt interesse, men dessverre ikkje fekk time, så blir du sett på venteliste om det blir ledige dosar. 

Vidare vil vi no flytte timar til neste veke, 20.august. Der det hovedsakleg dei som har time 17.09 som no får endra timen. Kontakt vaksinetelefonen om timen du får ikke passar.

Flytting av timar

Frå veke 33 vil vi starte med å flytte timar. Der er prinsippet at dei som har venta lengst får først.

Du vil motta ein SMS frå c19 med ny time. Vi ber om at ein ikkje kontaktar vaksinetelefonen for å endra timen sin før ein får SMS. Om timen du får ikkje passar kan du kontakte vaksinetelefonen.

Fortsatt ikkje fått tilbod?

Alle skal no ha fått SMS frå c19 om at dei er prioriterte for koronavaksine. Dersom du ikkje har fått det, ber vi deg ta kontakt med vaksinetelefonen ( tlf. 913 79 001) for hjelp til å bestille time.

God respons

Vaksinekoordinator er godt fornøgd med responsen frå innbyggarane i Surnadal kommune. Dei har vore dyktige til å gje tilbakemelding i c19 om det ønskjer å nytta seg av tilbodet eller ikkje. Er du ein av dei som ikkje har logga deg inn og gitt respons ber vi om at du gjer det no. Da kan vi få ein oversikt over kor mange som reknar med dei skal ha tilbod om dose 1 framover.