Eigedomsskatt for 2019

Eigedomskatten og størrelsen på den blir vedteke av kommunestyret kvart år i samband med budsjetthandsaminga. Her blir og neste års skattesats, kva for eigedommar som skal fritakast for eigedomsskatt og om kommunen skal ha botnfrådrag vurdert og bestemt.

Kommunestyret vedtok i møte den 13. desember 2018 sak 124/18 (PDF, 55 kB) å skrive ut eigedomsskatt på alle eigedommar i heile kommunen utan botnfrådrag. For kraftverk, næringseigedommar og særskilte skattegrunnlag er skattesatsen 7,0 promille. For alle andre eigedommar(bustader, fritidsbustader, våningshus, garasjar/uthus/anneks) er skattesatsen 6,5 promille. Dette er same satsane som tidlegare år.

Surnadal kommune innførte eigedomskatt i 1988 og utvida til alle faste eigedommar i heile kommunen i 2010. Botnfrådraget var det første året kr 500 000. Kommunestyret har satt ned botnfrådraget i fleire gong etter det, til kr 300 000 i 2012, til 150 000 kr i 2015 og til kr 0 i 2019.

Nyoppførte bustader frå 2016 gis fritak på 5 år, medan dei som vart tatt i bruk i 2015 eller tidlegare, hadde 3 års fritak.

Kva er nytt i 2019:

Frå 2019 har vi ikkje lenger  botnfrådrag, og dette fører til at fleire får eigedomskatt for første gong i år, og at skattegrunnlaget blir kr 150 000 høgare i 2019 enn det var i 2018.

Døme:

Hadde du eit skattegrunnlag i 2018 på kr 650 000 blir skattegrunnlaget i 2019 kr 800 000 kr

For 2019 har kommunestyret vedteke at vi skal gå over til kvartalsvis fakturering med verknad frå 2 halvår 2019.

Fakturering:

Første halvår (01.01. – 30.06.2019) blir fakturert i mars med forfall 20. april

Tredje kvartal (01.07 – 30.09.2019) blir fakturert i august med forfall 20. september

Fjerde kvartal (01.10 – 31.12.2019) blir fakturert i november med forfall 20. desember

Offentleg tilsyn:

Lise over utskrevet eigedomsskatt leggast nå ut til offentleg tilsyn. Listene finn du lenke til lenger nede på denne sida, eller fysisk i ekspedisjonen på kommunehuset frå 1. mars 2019.

Korleis blir du varsla:

Alle som har eigedomskatt i Surnadal kommune har fått tilsendt eigen skattesedel digitalt.

Du får da varsel frå din digitale postkasse eller Altinn, i app, på SMS eller e-post.

Dersom du har digital postboks, blir den liggande der til den blir opna og lest.

Brevet som går til Altinn (dvs at du ikkje har digital postboks), og som ikkje blir opna innan 3 dagar, sendast ut som brev i posten. Du får altså skattesedelen sjølv om du ikkje er inne i Altinn og les den der.

Klage:

Eigar av eigedommen kan klage på utskrivinga av eigedomskatten, og taksten som dannar grunnlaget for skatten.

Klagen må framsettast skriftleg innan seks veker frå mottak av skattesedelen. Klagen må innehalde gards og bruksnummer og ei nærmare grunngjeving for kvifor du meiner den fastsatt taksten er feil.

Dersom skattekontoret/nemnda ikkje finn grunnlag for å redusere taksten, kan skatteytar sende ny klage til klagenemnda.

 

Spørsmål:

Spørsmål om eigedomskatten kan rettast til eigedomsskattekontoret. post@surnadal.kommune.no eller telefon 71 65 58 00