Fare for store nedbørsmengder


Ekstremværet "Gyda" venta på onsdag   

Meteorologisk institutt har i dag sendt ut rødt farevarsel om regn, snø- og jordskred frå i morgon onsdag 12.01.

Det vil komme mykje nedbør onsdag og torsdag, og det er venta at torsdagen blir verst.

Surnadal kommune har gått igjennom planverk og utstyr. Teknisk drift er forsterka på vaktsida og vil følgje utviklinga fortløpande.

Vi oppfordrar alle huseigarar til å sørge for at vatnet blir leda bort frå hus og kjellarar.

Teknisk vakt er tilgjengeleg på telefon 416 35 388.

Ved eventuelt utfall av mobilnettet oppfordrar vil alle som disponerer jaktradio om å slå denne på kanal jakt 1. Teknisk vakt vil vere tilgjengeleg på denne kanalen. Teknisk vakt disponerer og satelittelefon.