God haustferie - på heimebane

Klikk for stort bildeKommuneoverlege Bjørn BuanDen etterlengta haustferien står for døra og dei fleste har sikkert tenkt å bli heime eller på hytta si i år. Det kan det vere fleire gode grunnar til å gjere no.  

Reiseråd mot Oslo/Viken i haustferien

Dette er ikkje eit reiseforbod, men eit råd under ein smittesituasjon som er krevjande og usikker. Regjeringa har gjeve råd om å unngå all reising til utlandet som ikkje er nødvendig. Vi har aukande smitte fleire stader i vårt eige land, særleg i Oslo/Viken. Hovudstaden har i lengre tid hatt aukande smittetal og har ikkje lenger god kontroll med smitten. Helsemyndigheitene har bebuda trinnvise tiltak for å få bukt med smittesituasjonen. Den auka smitten vi no ser rundt om i Norge, har sitt episenter i Oslo. Å reise dit medfører ein smitterisiko som du bør vurdere grundig om det er verdt å ta. 

I Oslo er det krav om munnbind og kollektivtrafikken er i tillegg hardt ramma av busstreik, noko som medfører større trengsel på T-banar og trikkar. I september har også smitten om bord på fly og buss auka. Dette er påvist smitte om bord på flygningar mellom Gardermoen, Molde og Trondheim.  Må du reise likevel, er privatbil det desidert tryggaste transportmiddelet, og deretter tog.  

Mange har slekt og venner i Oslo/Viken, og som ein gjerne skulle ha møtt, men akkurat no bør vi helst vente litt med besøk til og frå Oslo/Viken. Vi er særleg bekymra for at importsmitte til kommunen skal nå bebuarane våre på sjukeheimen. 

Det er heldigvis venta at dei tiltaka som no er innført vil ha positiv effekt og at smittesituasjonen i Oslo/Viken vil komme under kontroll om ikkje så lenge.  

Vi skal ikkje gløyme at utbrudd med koronasmitte også kan oppstå på heimebane, sjølv om vi har låge smittetal i regionen. Vi er kjent med eit pågåande smitteutbrudd relatert til ein pizza-restaurant i ein annan kommune. Gjestar frå fleire kommunar er berørt av dette. 

Dersom du har vore på denne pizza-restauranten i løpet av dei siste 14 dagane og utviklar symptom på covid-19, må du gå i karantene, ta kontakt og be om testing. 

I løpet av nokre dagar vil vi lansere digital test-bestilling via kommunen sine heimesider. Sentralbordet vil framleis hjelpe dei som ikkje er fortruleg med digitale verkty med å bestille korona-test. 

Denne haustferien er det ekstra gode grunnar til at vi bør støtte lokalt næringsliv og nyte vår eigen natur i vakre haustfargar. Det skal visst ikkje skorte på veret, heller! 

Ha ein vel fortent, kortreist og trygg haustferie med god helse! 

Med vennleg helsing 

Bjørn Buan 
Kommuneoverlege i Surnadal