Gratis HPV-vaksine til kvinner født i 1991 eller seinare

I Surnadal er det sett av tid til vaksinasjon desse dagane:

  • Måndag 26. februar 13:00 - 15:00
  • Måndag 19. mars 13:00 - 15:00
  • Måndag 7. mai 13:00 - 15:00.

Stad: Surnadal helsestasjon, tlf. 71 65 58 80.

Alle kvinner født i 1991 og seinare fikk frå hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit to-årig vaksinasjonsprogram.

Oppstart av programmet var i november 2016.  Vaksina blir anbefalt til under kvinner for å førebyggje livmorhalskreft og forstadier til livmorhalskredt, forårsaka av HPV-infeksjon.

HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta før eller sidan, dei fleste i ung alder. Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men nokre kan få ein infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft og 65­-100 døyr av sjukdommen. Vaksina kan gje vern sjølv om ein har debutert seksuelt.  

HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7.klasse sidan 2009. Frå hausten 2016 fekk uvaksinerte kvinner født i 1991 og seinare også tilbod om gratis HPV-vaksine. Dette tilbodet gjeld kun i ein toårsperiode, altså frå hausten 2016. Vaksinasjonsprosessen er tre vaksinedosar som må setjast i løpet av 6-12 månader og den må startast opp innan utgangen av 2018.

Du treng ikkje bestille time, det er berre å møte opp.

Meir informasjon om HPV og HPV-vaksine finn du på nettsida til Folkehelseinstituttet.