Halsa kommune inviterer: Ope folkemøte om planar for vindkraft i regionen

Klikk for stort bilde Planane om vindkraft i grenseområda mellom Trøndelag og Møre, som er tema på dette møtet, berører og Surnadal kommune, dvs. fjella ovafor / nord for Bøfjorden og Bæverdalen. Interesserte frå Surnadal er difor velkomne til ope møte i Halsa.

Møtet blir 27. august kl. 18.00 - 20.30, i amfiet ved Halsa barne - og ungdomsskole på Liabø.

Seniorrådgjevar/Prosjektleiar Jørgen Kocbach Bølling fra NVE og leiar Øystein Folden frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal vil halde innleiingar.

Les meir på Halsa kommune sine heimesider.