Koronavaksineringa har no nådd aldersgruppene der mange er foreldre med små barn.
Vi har forståing for at enkelte tenkjer at det går an å ta med barn til vaksineringa, men det er ikkje tillate å ta med barn inn i vaksinasjonslokala på Surnadal kulturhus. Dette er begrunna i både smittevernomsyn og personvernomsyn ved vaksinasjon.
Det kan skje at foreldre/føresette får time til vaksinering samtidig. Får de time samtidig, må de skaffe barnevakt den tida vaksineringa tar (omlag 45 min).
Vi ønsker å vere behjelpelege slik at ingen går glipp av vaksinetimen sin. Vi vaksinerar i fleire bolkar på same dag.
Dersom føresette får praktiske problem med tilsyn av barn, kan ein føresett be om å få bytte tidspunkt ved å kontakte Vaksinetelefonen: 913 79 001.
Gå til kommunens informasjonsside om koronavaksinering