Influensavaksinering på Surnadal helsestasjon

Klikk for stort bildeDato for årets influensavaksinering for personar i risikogruppa blir:

  • 25. oktober 09.00-14.00
  • 1. november 09.00-14.00
  • 4. november 09.00-14.00

Helsepersonell kan ta kontakt med sin leiar for informasjon, vaksine til helsepersonell blir sett på arbeidsplassen.

Influensavaksine anbefales spesielt for: 

  • Gravide i 2.og 3.trimester og gravide i 1.trimester med anna tilleggsrisiko anbefales å vaksinere seg før influensasesongen.
  • Bebuarar i omsorgsboligar og sjukeheim
  • Alle frå fylte 65 år
  • Barn og vaksne med:
    • diabetes type 1 og 2
    • kronisk lungesjukdom, hjerte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • nedsatt immunforsvar
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorlig helserisiko, etter individuell vurdering av lege

I tillegg anbefales influensavaksine til:

  • Helsepersonell som har pasientkontakt.
  • Husstandskontaktar til immunsupprimerte pasientar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande griser.