Informasjon om barnehage- og skulestart

Måndag 23. august er første skuledag i Surnadal kommune.

Velkomen til nytt barnehage- og skuleår 2021/22

Barnehagane og skulane startar opp på grønt nivå nasjonalt, med vanleg organisering av klassegrupper og skulekvardag.

Sjølv om ein kan vere saman på ein friare måte, vil det framleis vere nokre smitteverntiltak som gjeld for både barn og tilsette i barnehagane og skulane.

Desse smitteverntiltaka gjeld framleis (frå FHI):

  • God hand- og hostehygiene.
  • Unngå handhelsing og klemming.
  • Halde seg heime ved nyoppståtte symptom og sjukdom
  • Låg terskel for å teste seg.

For foreldremøter og andre arrangement utover vanlege undervisningsopplegg, skal ein følge dei nasjonale smittevernråda for arrangement.

Det er også under vurdering å innføre hurtigtesting av barn og elevar. Dette vil det bli sendt ut meir informasjon om når det eventuelt er avklart. Inntil vidare kan ein bestille koronatest på vanleg måte via https://c19.no/

Måndag 23.08.21 er 1.skuledag i Surnadal kommune

Dei ulike trinna møter slik:

 

Skule

Oppmøte 1.skuledag måndag 23.08.21

Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter

Alle trinn møter kl. 08.30.

Mo oppvekstsenter

Alle trinn møter kl. 08.15

Todalen og Stangvik oppvekstsenter

1.trinn møter kl. 10.00

2.- 7.trinn møter kl. 08.25

Surnadal barne – og ungdomsskule

1.trinn møter kl. 09.30

2.- 10.trinn møter kl. 08.55

Surnadal vaksenopplæring

Alle elevar møter kl. 09.00

 

Med helsing

Kommunalsjef Astrid Mogstad Høivik