Kommunal kompensasjonsordning til verksemder i Surnadal

Klikk for stort bilde canva.com Kommunal- og Moderniseringsdepartementet har sett av midlar til kommunar for å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale  smitteverntiltak. 

Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

 

Om ordninga

Kommunal- og Moderniseringsdepartementet har sett av midlar til kommunar for å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale  smitteverntiltak. Surnadal kommune har fått tildelt 967 000 kroner.

Er di verksemd hardt råka av pålagte smitteverntiltak grunna korona? Eller arbeider verksemda med omstilling for å takle korona-verknader? I så fall kan verksemda søke om koronastønad. Søknadsfrist: 30. april 2021.

Formål

Avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Kriterium

Søknad/tildeling vil bli vurdert utifrå følgande punkt:

  • Verksemda er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Det blir lagt spesiell vekt på negative verknader etter innføring av skjerpa smittevernreglar etter nyttår (1.1.2021) som har påført ekstra kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og evt nedstenging. Også langtidseffektar etter innførte smitteverntiltak i 2020 kan bli vurdert. Du må kunne dokumentere eller vise til omsetjingsfall/tap av inntekter.
  • Verksemda bør vise til at verksemda fell heilt eller delvis utanfor dei sentrale/generelle støtteordningane for korona-kompensasjon.
  • Verksemder innan reiseliv, arrangement og service er spesielt aktuelle i tråd med sentrale føringar, men også andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar.
  • Surnadal kommune vil også vurdere støtte til omstillingstiltak som har utgangspunkt i at verksemda er råka av korona-situasjonen, og har sett i verk eller planlegg omstillingstiltak for å trygge arbeidsplassar.

Søknad

Det er ikkje eige søknadsskjema til ordninga. Skriv ein kortfatta søknad/brev som inneheld:

  • Kontaktinformasjon til verksemda inkl. org.nr. og kontonr.
  • Kva søknaden gjeld
  • Bakgrunnen for at verksemda søkjer
  • Legg ved dokumentasjon på inntektssvikt/omsetjingstap så langt dette let seg gjere, og ev. estimerte kostnader over omstillingstiltak.
  • Verksemda må oppgje anna offentleg stønad mottatt i 2019, 2020 og 2021.

Søknaden må innehalde all vesentleg informasjon, men likevel vere så kort og konkret som mogleg.

Søknad skal sendast (helst som epost) til Surnadal kommune på  post@surnadal.kommune.no  merka «Søknad kommunal kompensasjonsordning»

Samla ramme vil bli fordelt på søkarane utifrå informasjon og dokumentasjon saman med skjønsmessige vurderingar. Søknadsfrist er 30. april.

Spørsmål om ordninga kan rettas til:    

Karin Halle                karin.halle@surnadal.kommune.no                   tlf. 416 19 200           

Harald Bredesen     harald.bredesen@surnadal.kommune.no          tlf. 913 78 178