Kommunedelplan for NaturmangfoldSurnadal kommune lager ein plan for naturmangfoldet i kommunen. Gøran Bolme iTrollheimen AS Tapet av naturmangfald er aukande både i Norge og i resten av verda, og fleire artar er trua av utrydding no enn på noko anna tidspunkt i historia. Nedbygging av areal er den viktigaste årsaka. Bærekraftig bruk og forvaltning av natur er avgjerande for å stanse denne utviklinga. Miljødirektoratet har gitt Surnadal kommune eit tilskot på kr 125.000 til utarbeiding av kommunedelplan for naturmangfald. Tilskotet skal gå til «å utarbeide ein eigen kommunedelplan for naturmangfold som verkemiddel for å sette naturmangfaldet på den lokalpolitiske dagsorden og etablere ei lokal forankring og medvirkning i utvelginga av viktige naturområde i kommunen. Plana skal være utforma som ei tematisk kommunedelplan.» Innbyggarane har kunne medverke gjennom å delta i ei spørreundersøking eller sende innspel innan 1. mai 2022. Kommunen skriv no teksten som skal inn i plandokumentet. Plana skal bli ferdig vinteren 2023/2024. Sist endret 07.09.2023 09:52