Koronanytt 19. mars

Her ei kort oppdatering frå Surnadal kommune etter vårt statusmøte i kriseleiinga i formiddag:

Surnadal kommune har fortsatt ingen med påvist korona-smitte, noko vi sjølsagt er glade for. Det er gjennomført ein del prøvar i løpet av veka, men alle prøvane har vore negative. Og situasjonen er slik sett uendra frå i går.

Vi er elles svært glade for responsen på den invitasjonen vi gjekk ut med på heimesida vår i går, der vi søkte etter helsepersonell. Nærare 30 personar har meldt seg sidan i går kveld, noko vi er svært takksame for. Vi vurderer behovet fortløpande og vil ta kontakt med kvar enkelt viss situasjonen endrar seg. Regjeringa har også endra regelverket slik at ingen pensjonister som melder seg til oppdrag i helseteneste skal risikere at dei blir trekt i pensjon.

Det er også sagt frå regjeringa at alle skal få fritak for barnehage og SFO, dette vil bli dekt av staten i ettertid overfor kvar enkelt kommune.      

Ingen skal betale for ei tjeneste dei ikkje får levert frå kommunen, og alle heimane skal ha fått beskjed om korleis dette blir gjort i praksis.

Minner elles om vår korona-telefon 913 79 001 og elles anna nyttig informasjon som du kan finne her  på kommunen si heimeside.