Koronanytt: Datoar for 4. dose til 80 år og eldre i sommar

Tilbod om 4. dose koronavaksine til personar 80 år og eldre

Folkehelseinstituttet (FHI) har, som vi tidlegare har opplyst, opna for at personar 80 år og eldre som har fått 3 doser og ikkje har gjennomgått koronasjukdom etter dette, kan få ei ny oppfriskingsdose (4. dose) dersom dei sjølv ønskjer det. 

Vi ser no at smitten er på veg opp att og at dette kan påverke sommar og tidleg haust. Det er så langt ikkje nok kunnskap om kor lenge ein er skjerma mot alvorleg sjukdom etter den 3. vaksinedosen. Det ein veit er at eldre oppnår svakare immunitet enn yngre og dermed har større risiko for å bli alvorleg sjuk. 

  • Aktuelle vaksinedatoar som er sett opp i sommar er fredag 24. juni og fredag 19. august. 
  • Ring Vaksinetelefon: 913 79 001 (kl. 09.00 - 15.00) for å bestille deg time  

Registrering av positiv sjølvtest igjen

Det er fleire som no hentar ut sjølvtestar og veljer å teste seg. Vi oppmodar på nytt alle som testar positivt på sjølvtest om å melde dette inn til kommunen, slik at vi kan følgje litt med i forkant av ei ny smittebølge.

Meld positiv sjølvtest her