Kulturinformasjon

Klikk for stort bildeSurnadalsøra      

Under finn du opplysningar om tilskotsordningar (medrekna spelemidlar) som kan vere nyttige både for lag og privatpersonar i Surnadal – samt informasjon om bibliotek og Gåte-konsert.

Fristar ulike støtteordningar:

Frist 15.09:
Kompensasjonsordning for arrangører og underleverandører i kultursektoren. Sjå meir om dette på https://www.kulturradet.no/

Frist 15.09:
Krisepakka for frivilligheita. Sjekk om de har rett til å få kompensert tapte inntekter som følgje av innførte smitteverntiltak på https://lottstift.no/ 

Frist 15.09:
Surnadal kommune gir prosjektsstøtte til kulturtiltak. Dette er altså ikkje støtte til det ein reknar som vanlege driftstiltak («kulturmidlar»), men til enkeltprosjekt som er avgrensa i tid. Sjå eige skjema: https://skjema.kf.no/FormsEngine/?wizardId=229&externalId=1566

Frist 15.09:
Gjensidigestiftelsen vil gi 50 mill. kr til å oppgradere m.a. forsamlingshus til å bli betre tilpassa ungdomsaktivitetar. Sjå meir på: https://www.gjensidigestiftelsen.no/inkluderende-moteplasser-for-alle/

Frist 15.09 (og 15.11):
Konsertstøtte frå Møre og Romsdal fylke. Fleire opplysningar her: https://mrfylke.no/tilskot-prisar-og-stipend#cat-388

Frist 20.09:
Kunstnarstipend frå Møre og Romsdal fylke. Sjå meir på https://mrfylke.no/tilskot-prisar-og-stipend#cat-16398

Frist 15.10:
Siste frist for fremjing av kandidat til fylkeskulturprisen. Gå inn på https://mrfylke.no/tilskot-prisar-og-stipend

Frist 01.11:
Søknad på ulike kulturminneordningar (som tilskott til freda bygningar og anlegg). Same lenke som over.

Planar om å søkje på spelemidar?

Vurderer laget ditt å søkje på spelemidlar for nybygg eller rehabilitering av forsamlingshus, idrettsanlegg, nærmiljøanlegg, friluftslivsanlegg el.l.? Det er særs viktig at ein har meldt inn prosjektet til kommunen tidlegast muleg (og seinast 15. oktober). Ta kontakt med Lars Sæther på telefon 957 72 537 eller e-post lars.saether@surnadal.kommune.no.

Konserten med Gåte

Det er ikkje avgjort når denne utsette konserten blir halde, men det blir etter det komande årsskiftet.

Biblioteket

Biblioteket på Skei har no ope mellom kl. 11 og 15 mån–fredag. Etter gjeldande smittevernreglar er det ikkje muleg å ha «meirope», men opningstidene vil truleg bli utvida til kl.16 (mån-tors) frå 15. september.

Biblioteket legg ut reserverte og bestilte bøker i ein reol i 1. etasje, slik at desse kan hentast når kulturhuset er ope. Du kan bestille bøker på e-post biblioteket@surnadal.kommune.no, tlf 476 80 797 eller på nett- eller facebooksidene til biblioteket.