Namnesak Øvstbøen

Kartverket har sett i gang namnesak på gardsnamnet Øvstbøen (Østbø/en), gnr. 47, i Surnadal kommune.

Det er pr. i dag Øvstbøen som er «godkjent og tilrådd» som gardsnamn. Grunngjevinga for det er at namnet, etter Hyldbakk, «tyder det same som øvste bøen i grenda».

Eidet Vel klaga på avslag om å få ta oppatt namnesaka, og kommunen støtta dette. Statens Kartverk har difor gått med på ny behandling og alle partar kan no kome med ei uttale i saka. Denne må sendast innan tre veker frå d.d. til post@surnadal.kommune.no eller til Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal.

Dei som kan uttale seg er kommune, lokale organisasjonar med tilknyting til stadnamnet og dei som står oppført som eigarar av gards- og bruksnummer der namnet går heilt eller delvis inn i namnet på eigedomen. Det gjeld, etter kva Kartverket opplyser, g.nr. 47, br.nr. 1, 6, 7, 11, 19, 21 og 22 (desse vil også få sendt kunngjering via e-post/brev).

Vedtak i saka vil altså føre til at andre namn som er avleidd av dette vil skrivast på same måte. Forutan gards- og bruksnamn, vil det t.d. gjelde namn på dalen og vegen.