Ny kommunepsykolog i Rindal og Surnadal kommunar

Klikk for stort bildeVi er glade for at vi no har fått tilsett kommunepsykolog i både Rindal og Surnadal kommunar. Daniela Bjerklund starta 01.04.20 i stillinga som kommunepsykolog i Rindal og Surnadal og vil vere tilgjengeleg i 50 % i kvar av kommunane.

Psykologtilbodet skal vere lett tilgjengeleg, gratis og utan henvisning – eit lavterskeltilbod. Det betyr at du kan kontakte psykologen direkte for vurdering av samtale. Fram til påske vil Daniela bruke tida på å sette seg inn i jobben og bli litt kjent i kommunane. 

Målgruppe for psykologtenesta i Rindal kommune:

Psykologtenesta vil i hovedsak vere retta mot barn og unge, som:

  • har eller står i fare for å utvikle psykiske lidingar,
  • har vorte utsett for vold, overgrep eller andre traumer,
  • har behov for oppfølging for å betre klare å gjennomføre skule eller opplæring.

Målgruppe for psykologtenesta i Surnadal kommune:

Psykologtenesta vil i hovudsak vere vaksne over 18 år, som:

  • har eller står i fare for å utvikle psykiske lidingar,
  • rusmiddelbruk
  • eller har vorte utsett for vold, traumer og overgrep.

I tillegg vil Daniela samarbeide med andre instansar i kommunen, slik som skular, barnehagar, helsestasjon, fastlegar og liknande, for å drive med rettleiingg og førebyggande arbeid som kan nå ut til større delar av befolkninga.

Kontaktinformasjon

Frå 14.04.2020 er det muleg å ta kontakt med Daniela på telefon: 477 60 861.
Kontakttider: Kvardagar kl. 08.00-15.00

Tenesta vil og kunne tilby videokonsultasjon dersom det er aktuelt.