Nytt påvist smittetilfelle i Surnadal

CDC Alissa Eckert Personen oppheld seg isolert på reise i annan kommune.

Ein eldre fullvaksinert person, busett i Surnadal, har testa positivt på reise utanfor kommunen. Vedkommande er isolert og oppheld seg utanfor kommunen i isolasjonsperioden. Risikoen for vidare smitte er særs låg. 

Vi varslar alltid ved bekrefta smitte med covid-19 hos personar som er busett i Surnadal kommune. Vi varslar ikkje ved påvist smitte hos personar som kun er folkeregistrerte her, med mindre det medfører lokal smittesporing. Dersom for eksempel statistikken til VG viser fleire smittetilfelle enn det kommunen har varsla om den siste tida, så er dette forklaringa.

Vennleg helsing

Bjørn Buan
Kommuneoverlege i Surnadal