Opnar likevel for aktivitetar i idrettshallen på kveldstid inntil vidare

Surnadal idrettshall - Klikk for stort bildeSurnadal idrettshallDette inntil smittesituasjonen tilseier noko anna.

På bakgrunn av nye drøftingar og dialog med Surnadal IL, har kommunen i dag gjort ei ny vurdering av bruken av idrettshallen på kveldstid. Med godt samarbeid og ansvarlege leigetakarar som sørger for å oppretthalde kohortinndelinga i sine aktivitetar, opnar kommunen inntil vidare for aktivitetar i idrettshallen på kveldstid.

Basert på smittesituasjonen som vi har i kommunen akkurat no, vil idrettslaget få mogelegheit til å leige idrettshallen frå i dag fredag 07.01.22. Dette gjeld inntil situasjonen evt. blir endra gjennom nye nasjonale retningsliner eller endringar i smittesituasjonen lokalt.

Det er felles forståing for behovet for at kommunen må prioritere gymsalane til skulen sin bruk. Dette er også ekstra viktig i den nye situasjonen med omikronmutasjonen og auka smittefare.