Opningstider i barnehagane og SFO frå 18. mai:

Klikk for stort bildeFrå måndag 18.05.20 blir opningstida i barnehagane og SFO i Surnadal kommune kl.07.30 til 15.00. Informasjon om nye opningstider er sendt til førsette.

Til foreldre/føresette i barnehagane og SFO!

Frå måndag 18.05.20 blir opningstida i barnehagane og SFO i Surnadal kommune kl.07.30 til 15.00. På grunn av bemanningssituasjonen og kravet til smittevern vil det enda vere noko redusert opningstid. For barn med foreldre i samfunnskritiske funksjonar vil det vere mogleg med andre opningstider enn dette.

Vi ønskjer at barna framleis et frukost heime og har med seg matpakke.

Når det gjeld foreldrebetaling, ventar vi på avklaring frå nasjonale myndigheiter via Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Det vil bli gjeve beskjed så fort dette er avklart.

Har du spørsmål, ta kontakt med din barnehage eller SFO.

Det vil bli lagt ut oppdatert informasjon fortløpande på heimesida til Surnadal kommune.