Oppdatert 16.09.: Forenkla tilgang til 3. dose til pasientar med særleg svekka immunforsvar

I tråd med regjeringa si beslutning om å tilby 3. dose til pasientar med alvorleg svekka immunforsvar, ønsker FHI at kommunane no informerer om dette avgrensa tilbodet.  

Kven skal få 3. vaksinedose?

FHI har publisert ei forenkla oversikt over kva sjukdommar personar som er anbefalt 3. dose har, og kva for medisiner dei brukar.  Det er i hovudsak to pasientgrupper som er aktuelle for ei 3. dose:

Gruppe 1: 

  • Organtransplanterte
  • Beinmargstransplanterte siste 2 åra
  • Alvorleg og medfødt immunsvikt
  • Alvorleg nyresvikt (stadium 5) eller i aktiv dialyse
  • Avansert eller ubehandla hiv-infeksjon

Alle som har ei diagnose frå på lista på gruppe 1 må kunne vise dokumentasjon på dette, i form av vaksinebrev frå spesialisthelsetenesta, journalnotat eller annan tilsvarande skriftleg dokumentasjon.

Gruppe 2: 

  • Pasientar med pågåande betydeleg immundempande behandling av annan årsak.

    • Spesialisthelsetenesta har utarbeidd ei liste over medisiner med betydeleg immundempande verknad som gjer at brukarane er anbefalt 3. dose med koronavaksine (sjå under). Pasientar som brukar medisiner frå denne lista kan no kontakte vaksineringa i kommunen direkte. Dei må kunne vise fram dokumentasjon på medisinbruk i form av vaksinebrev frå spesialisthelsetenesta, journalnotat, resept /e-resept eller medikamentforpakning kor pasienten sitt namn framgår.

    • Sjå Liste over immundempande medisiner. (PDF, 447 kB)

    • helsenorge.no kan ein logge seg inn og hente ut oversikt over aktuelle reseptar og ta med som dokumentasjon. Ein kan også få reseptoversikt på apoteket.

  • Kreftpasientar med aktiv eller nyleg gjennomgått immundempande behandling.

    • Desse må foreløpig ha vaksinebrev fra spesialisthelsetenesta fordi det må gjerast en individuell vurdering for å få best effekt av vaksinen og unngå unødvendige biverknader.

  • Pasientar som av ansvarleg legespesialist er vurdert å ha særs nedsett immunforsvar og som ikkje inngår i ei av gruppene ovafor.
     
    • Desse må ha eige vaksinebrev frå spesialisthelsetenesta.

Barn

FHI seier at det i utgangspunktet ikkje er grunnlag for å anbefale ei 3. vaksinedose til barn med alvorleg svekka immunforsvar på gruppenivå, men det kan likevel vere enkelte pasientar der dette vurderast som nødvendig og ønska. Slike beslutningar takast av barnelege.

Bestille time til dose 3 i Surnadal:

  • Kontakt oss på e-post: vaksine@surnadal.kommune.no Du skal ikkje oppgi diagnose eller sjukdomshistorie på e-post. Du treng kun å vise til at du vil kunne dokumentere at du er i målgruppa for dose 3 og korleis vi kan kontakte deg.
  • Kontakt oss på vaksinetelefon: 913 79 001. Vaksinetelefonen er open tysdag og torsdag kl. 10.00 – 11.30 og fredag kl. 09.00 - 15.00
  • Du må ha med deg dokumentasjon når du kjem til vaksinetimen din.

Får dose 3 på sjukehus:

Pasientar med lengre sjukehusopphald vil få tilbod om vaksinering på sjukehuset.