Oppdatert 21.07: Faktura for barnehage og SFO frå korona-stenginga korrigert i faktura utsendt for mai 2020

Klikk for stort bildeVi har fått ein del spørsmål knytt til faktura for barnehagetilbodet i perioden for mars og utover. Enkelte har no motteke purring på faktura datert i mars. Denne må du betale. Beklagelegvis fekk enkelte beskjed om å sjå bort frå denne fakturaen i mars. Dette var ei hektisk tid kor kommunane var usikre på korleis det skulle fakturerast for tilbod under nedstenginga.

Det vart i ettertid sendt ut ny informasjon om at ein likevel skulle betale fakturaen for mars 2020, da ein i staden vart kompensert for tapt tilbod på fakturaen for mai 2020. Denne fakturaen er korrigert for korona-stenginga i tråd med nasjonalt fastsette reduksjonar for perioden. Sjå spesifikasjon på fakturaen du har motteke for mai.

Vi har forståing for at dette vart uklårt for mange og difor skal ingen belastast med purregbyr. Vi vil gå gjennom og kvalitetssikre desse faktureringsrutinene om kort tid. Dei som har betalt purregebyr vil bli kompensert for dette i ettertid. 

Faktura for tilbodet i juni vart sendt ut i veke 27 med frist 16. august.