Oppdaterte råd om testing, fråvær og retur jobb og BHG/skule

Klikk for stort bildeFolkehelseinstituttet endrar sine anbefalingar og formuleringar knytt til testing, fråvær og retur til jobb, barnehage og skule etter smittesituasjonen. Under finn du ei oversikt over dei viktigaste anbefalingane som gjeld no. 

Anbefalingar for barn i barneskulealder og yngre

Når bør barn i barneskulealder og yngre testast?
Ved feber og hoste bør barnet testast for covid-19. Ved kun lette luftvegsymptom utan feber, kan ein sjå an tilstanden heime eit par dagar. Ved inga betring, anbefaler FHI testing av barnet. Ved rask betring, kan barnet gå tilbake til barnehage/barneskule utan test.

Når kan barn i barneskulealder og yngre komme tilbake til BHG/skule?
Barn som er symptomfrie kan komme tilbake i barnehage/barneskule. Barn som har god allmenntilstand ( det vil seie at dei føler seg friske og er feberfri) kan også komme tilbake til barnehage/skule. Det betyr at det er allmenntilstanden som avgjer når barn kan komme tilbake i barnehage/barneskule. Dette gjeld sjølv om barnet framleis har nokre restsymptom som rennande nase (uansett farge på snørret) eller sporadisk hoste.


Anbefalingar til arbeidstakarar/vaksne og skuleelevar frå og med ungdomstrinnet

Når bør arbeidstakarar/vaksne og skuleelevar frå og med ungdomstrinnet testast?
Det er anbefalt at alle som har nyoppståtte luftvegsymptom som ikkje har kjent årsak (t.d kjent allergi), testast og held seg heime til dei har fått svar.

Når kan arbeidstakarar/vaksne og skuleelevar frå og med ungdomstrinnet gå tilbake til jobb/skule?
Ved negativ test kan du gå tilbake på jobb/skule når du er i god allmenntilstand ( det vil seie at du føler deg frisk og er feberfri), sjølv om du framleis har nokre symptom på luftvegsinfeksjon.
 

Anbefalingar til helsepersonell

Når skal helsepersonell testast og halde seg heime?
Tilsette må halde seg heime dersom dei har symptom på akutt luftvegsinfeksjon (sjølv milde symptom) eller andre symptom foreneleg med covid-19, og testast snarast muleg. Får dei symptom på jobb, skal dei straks forlate arbeidsstaden. Dersom dei før avreise eller på veg heim er nærmare enn 2 meter, bør dei ha på munnbind. Hugs å informere vikarar og nytilsette om dette.

Når kan helsepersonell gå tilbake til jobb?
Helsepersonell kan gå tilbake til jobb dersom dei har fått påvist negativ test og er symptomfrie. Ved tvil, ta kontakt med smittevernansvarleg på din arbeidsplass.

Ved påvist covid-19, følgjer helsepersonell eigne bestemmelsar for smittekarantene og retur.

NB! Helsepersonell kan gå på jobb sjølv om dei har husstandsmedlemmar med symptom. Men husstandsmedlemmar må IKKJE vere sannsynleg eller bekrefta med covid-19.